Det er merkeleg i grunn... Korleis eit år kan fyke forbi uten at ein merker at det skjer noko form for positiv forandring, fordi ein er så opptatt av kor ille ting er her og no. Når eg ser tilbake på kva eg skreiv for eitt år sidan, ser eg at ting har skjedd. Nokre ting er forandra positivt, andre negativt.
Eg skriv fremdeles. Og som alle dei to følgarane mine kanskje kan ha tenkt seg, så er låtskrivingen verkeleg blitt til ein form for terapi. Eg TRENG ikkje blogge for å få ting ut. For å setta ord på følelser og dele opplevingar. Eg har musikken å klamre meg til.
Dei siste månadene har eg lært ein del om det å skrive sanger. Eg har tidlegare tendert til å skrive om negative ting med ein positiv (om enn ikkje fullt så ærleg) vri. Eg har latt fantasien min få lov til å begrave seg i ønsketenking om korleis ting skulle vore.
Men det har skjedd ein del ting det siste året som rett og slett er for ille til at nokon kan dra noko godt ut av det. Det einaste som hjelper då, er å vera dønn ærleg med seg sjølv. Og overraskande nok er det då dei gode sangane kjem. Dei sangane som får folk til å bryte saman i stova mi og fortelle sine innerste hemmeligheter som dei følte vart berørte av min smerte. Dei sangane som får folk til å ta kontakt med venner dei ikkje har snakka med på år fordi noko utilgiveleg skjedde den gong. Dei songane som får folk til å sette seg ned og skrive sanger sjølv. Dei sangane som får meg til å reagere så sterkt første gong eg høyrer den ferdige innspelinga, at eg bryt ut i gråt, og ligg hulkande på baderomsgulvet i fleire timer. Det er ærlegheit. Det svir, det gjer vondt, det er ubehageleg til tusen, det er stygt og ekkelt og sårer dei som lar seg berøre. Det er livet.
Det siste året har vore prega av nedtur etter nedtur og konflikt etter konflikt. Men eg har alltid hatt støtte. Både i Kristian, i Gud, og i eit par-tre gode venner eg har rundt om. Uten den gjengen hadde eg ikkje klart meg. Eg trur eg blir nødt til å skrive ein låt om dei. For dei har påverka meg i så stor grad at dei BURDE veta om at dei har tatt del i å forme meg.
Ting har forandra seg. Til det bedre. Og til det værre. Ting er fremdeles ille. Eg slit mykje. Men samstundes er eg den heldigste jenta på planeten! Eg har hatt utruleg flaks i livet! Og har absolutt ikkje fortent det livet eg har i dag. Men eg har det. Det er merkeleg i grunn...
søndag 19. september 2010
mandag 14. desember 2009
Greia med nye prosjekter
Hei igjen, og god jul dersom eg ikkje blogger før den tid!
Eg las nettopp gjennom det siste blogginnlegget mitt på første gong siden ca den gongen eg publiserte da... Og det måtte jo berre gå slik at det var foreløpig det siste innlegget... Det er sånn eg er. Eg lyg utan å meine det. Og utan å veta om det. Eg lover ting eg ikkje kan halda. Men da må eg sei: som regel så held eg det eg lover. Jaja, eg snubla i hvert fall over bloggen min igjen... Så no veit eg på nytt at den eksisterer... Stay tuned for meir mangel på blogging... =P
xxx Constanze

tirsdag 29. september 2009
Songverkstad...
Eg må nesten meddela at eg hermed har begynnt på eit nytt prosjekt... (Men slapp av, bloggingen slutter ikkje her... =P) Eg har nemleg begynnt å ha faste timer med songverkstad kvar dag. Med andre ord: eg skriver låter igjen... =D Eg har funne ut at å lage songer basert på fri fantasi ikkje fungerer like bra som å basera dei på eigne erfaringar, så dersom desse songane nokon gong blir spelt inn, så blir dei nok heitande "Psykologtime #1" #2 osb... Eg tar nemleg for meg eit og eit emne som irriterer meg, tynger, meg, eller av og til til og mekd gleder meg (ja eg har positive dagar...) Så, dette vert spennande... Trur da kan vera praktisk, om enn ein liten klype patetisk.. Men hey, eg trur eg har kryssa den grensa for lenge siden...
torsdag 24. september 2009
PS:
Hjernen min er forresten normal... Dei som undersøkte bildene etter MRen slo fast at eg ikkje har kreft, eller andre greier som kan gjera seg synnleg på hjernen... Eg e altså frisk i hovudet... om de skjønner...
Heldige meg, gitt...
Heldige meg, gitt...
Viktigheten av Varm Sjokolade...
Så var bursdagen min over. Den nittende... Stoooore saker, gitt... Eg hadde bursdagsfeiringa forrige lørdag... altså nokre dagar siden... Kjekt, det, men på ein eller annan måte vart det liksom litt bryllup/vennekveld/sexpratkveld... Like greitt eigentleg... Det var kjekt. Eg koste meg... Eg skulle berre ønske at eg koste meg like mykje i dag. På min eigentlege bursdag. Med familien min. Eller i hvert fall dei som seier at dei er familie kvar gong dei treng noko.
Eg har ei venninne som blir vekka kvar bursdag av foreldra som syng bursdagssongen for ho om morgonen. Dei kjem inn med kake med levande lys på, og ho får ønska seg noko før ho bles ut lysa... Etterpå får ho ein stor kopp varm sjokolade trykt i hendene... Du veit, ein sånn som Mr Flanders gir til Bart i filmen? Med krem og marshmallows?
I min familie har me pleid å ha ein annan tradisjon... Den dagen me har bursdag, blir me pent og pynteleg liggande i senga til me høyre ein grusom innspeling av "Happy birthday to you" ljoma ut av mono-høgtalarane i stova. Då tusler me lettere "overraska" ned i stovo, blir møtt av trøtte ansikter som mumler "gratulerer med dagen" og ved viktige bursdager (som ti-, atten-, tretti-, og førtiårsdagen) får me kanskje til og med ein klem. Så ser ein bursdagsbordet som står i stova. Dekka med duk, blomster, lys, ei kake med lys på, og ørten pressanger. Ikkje perfekt, men likevel koseleg... På sin eigne sære måte...
I dag (eller no i går) vakna eg halv åtte av at eldstesøsteren min (misforstå meg rett - ho er sju...) banka på døra mi og sa at no måtte eg nok snart stå opp og ta på meg kle, for no skulle eg snart ned. I løpet av det neste kvarteret hørte eg familien sette seg til bords nede, mamma stresse og sei at "et fortare, så de rekk bussen" og panisk dekking av bursdagsbord. Duk var visst ikkje så viktig, sa mamma. Dei hadde jo tross alt dårleg tid. Og så kom lyden... Den skjærande stemma til tyskarar som syng på engelsk nådde til slutt mine fintfølande ører, og eg tusla ned... Synet som møtte meg var mildt sagt skuffande: Eit lite bord, ein solsikke i ei vase (solsikker er bursdagsblomstane mine...) eit enkelt lys i ei enkel lysestake, ingen dekorasjonar, to små pakker, store nok til å romme dverghamstre som krøller seg sammen, eit liggeunderlag med plast rundt og med eit postkort frå Berlin klemt innunder, ein lang flat pakke som ikkje akkurat skjulte identiteten til sjokoladen som låg på kjøkkenbenken kvelden i forvegen. Og ikkje minst ein sukkerbunn i originalforpakning og to pakker kremost naturell. Familien som står halvstressa litt rundt om på kjøkkenet... Eldstesøster som rekker meg eine pressangen etter den andre for å sjå om det er noko eg ikkje liker, og som ho kan få... Mamma som ber meg om ikkje å vera forsiktig med gavepapiret; ungane hadde jo tross alt ein buss å rekke... På veg ut døra spør mamma om eg helst vil ha kylling eller spinat til middag i dag? Og hugs å lage kaken før dei kjem igjen! Og når så alle er ute av huset, sit eg igjen med ein haug med opprevet gavepapir, to duftolje-flasker, ein sjokolade, eit armband og eit smykke... Og ein følelse av at dersom dei berre hadde gitt meg ein kopp Varm Sjokolade og sunget bursdagssangen for meg ved senga, så hadde dei ikkje stressa like mykje, og eg hadde ikkje vore skuffa i det heile...
Eg ville jo berre ha ein kopp Varm Sjokolade...

lørdag 12. september 2009
Ein kjapp ein...
Klokko e berre 21 51, men NO kjenner eg at eg må få lagt meg... Eg har no vore meir eller mindre på beina (i hvert fall vaken) siden klokko var ti i går tidleg... Altså snart 36 timer.
Gud, eg ber om at dei karane som har jobba med jernbanen utanfor vindauget mitt, no er ferdige, og at eg dermed kan få sove i natt. Amen
God natt... <3

onsdag 9. september 2009
JIPPI!!!!!!!!!!!!! =D
Eg har endeleg fått ein MR-time!!!!!!! No har eg gått og venta i sju lange og sju breie (også kalla tre veker), og no i går kom altså endeleg brevet i posten!!
Jippi! no får eg svar på ka som eigentleg feiler meg.. kanskje.. hjelp...
No har eg som sagt venta på den timen i tre veker og no er den straks rundt hjørnet (måndag klokko 13... =P), og aller helst føler eg for å grava meg ned i bakken, for kven veit kva som kjem ut av den MR-tingen? Grunnen til at da ska bli tatt ein MR av hovudet mitt er nemleg å sjekke om det er noko som hindrer blodtilførsel, eller klemmer på nerver etc. På norsk: dei skal sjå om eg har ein svulst i hovudet. Dersom det viser seg at det er det eg har, blir det heile plutseleg ganske så mykje værre enn det har vore. For meg meiner eg . Psykisk eller mentalt (eg har framleis ikkje heilt skjønnt forskjellen). Eg meiner, symptomene vil vera dei samme, men dersom eg HAR ein svulst på hjernen så er jo det mykje vanskelegare og ikkje minst risikofylt å behandle enn til dømes om eg berre har eit uregelmessig blodtrykk. Nei, eg veit ikkje. På ein måte føler eg berre for å gøyme meg under dyno og glømma alt. Våkna opp igjen for ein og ein halv månad siden og finne ut at eg er akkurat som vanleg. Frisk.

Abonner på:
Innlegg (Atom)