mandag 31. august 2009

Nemmen... lesere!?

Eg fann uta for nokre dager siden at eg faktisk har nokre lesere. Minst ein friviljug (legg btw merke til min fantastiske nynorsk), og ein som leser under tvang... Korriger meg dersom det er fleire, btw...

Jaja, hei til deko to, i hvert fall... =D

Jaja, no til saken... Eg har to ting på hjartet i ettermiddag... Det fyrste skjedde i går, sundag, då eg og Kristian song/spelte under to gudstenester på Voss. Fyrste gongen gjekk det tåleleg greitt, men andre gongen fekk eg eit anfall midt i første verset, såg ikkje ein døyt, og glømte attpåtil teksten... Eg må ha sett ut som om eg var drita full og, for eg var svimmel til tusen, og det FØLTES i hvert fall som om eg sjangla litt... Utruleg kjipt... Eg føler meg så utruleg ubrukeleg og hjelpeslaus når sånt skjer. Eg VIL jo gjere det bra, prestere, og gje ei fin oppleving til dei som høyrer på, men eg makter det rett og slett ikkje. Eg er ikkje vant til ikkje å få til ting. Eg er ikkje vant med å vera avhengig av at folk kan ekskortere meg ut av ei kyrkje for ikkje å besvime midt under preika... Det er ikkje kjekt å vera avhegig av folk på den måten. Og i hvert fall når ein ser at ein er ein belastning. Det er ikkje kjekt å sjå at andre lider fordi eg lider. Ikkje kjekt...

Men ok, over til neste punkt... BESTEFAR! (Eller som Johanna så fint korrigerte meg i stad: "Han heite Opa!")Bestefar kjem altså i dag... Akkurat no er Nils, Margrethe og Daniel på Vangen for å hente han (og fordi Daniel skal spela kamp mot Voss Kvit... elns..), medan eg og Johanna er heime og rydder. Teoretisk sett... Eg kan ikkje seie at eg gleder meg utruleg mykje til han kjem, for han kan vera både grinebiter og mannsjåvnist... Til tusen. Han har ein lei tendens ti å beordr emeg inn på kjøkkenet der "kvinnen sin plass" er. Eg føler ofte for å motseie han, og krangle så busta fyker, problemet er berre at eg er ikkje habil nok i språket hans til at eg klarer å utrrykke meg på ein vaksen måte. Nei, eg liker ikkje fyren... Han har ein tendens til å få meg til å føle meg liten og ubetydeleg, og dessuten har han ein tendens ti å få alt eg gjer til å verke lite verdifullt og nyttesløst. Og akkurat no treng eg ikkje noko sånt. Eg blir brutt meir enn nok ned av mamma i kombinasjon med min eigen psyke...

Men ok, no må eg gjera teori om til praksis, og begynne å rydda... Evt som storesøstre gjer: Få Johanna til å rydde for meg... =D

Ønsk meg lukke til. Både med ryddingen og å overleva bestefarbesøket... =P

fredag 28. august 2009

Eg e redd...

I dag skjedde det noko skummelt som fekk meg til å tenkja litt...Eg sku ned og henta posten, og på veg opp igjen blei ting plutseleg svart, beina svikta, og eg låg på baken og kunne ikkje sjå noko, ikkje røre beina, og dermed ikkje komma meg av flekken. Og sånn låg eg i regnet i tre kvarter... Eg var heilt åleina og hadde ikkje ein sjanse til å gjera noko anna enn å ligga og grina for meg sjølv og håpa på at det gjekk over. Dumme meg hadde sjølvsagt ikkje mobilen med. Etter ca ein halvtime kunne eg sjå igjen, så då fekk eg sett på klokko i da minste... Etter at eit kvarter var gått kunne eg igjen stå på beina mine, så då gjekk eg like godt vidare. Eg var omtrent som i transe, berre at eg ikkje klarte å slutte å grine, ganske enkelt fordi eg var livredd. Å føle seg SÅ hjelpaslaus, og utruleg åleine i verda, det er ikkje noko kjekt. Eg kom opp til slutt, la frå meg posten inne, og gjekk ut igjen og berre grein... eg sat ute i kanskje ein og ein halv time til saman før eg dryppande våt gjekk inn igjen... Eg tok riktignok ein varm dusj, men eg har framleis ikkje fått varmen i kroppen igjen, til tross for at dette er snart fire timer siden...

Eg er redd...

Redd for at noko slikt skal skje igjen medan eg gjer noko som er meir farleg... Til dømes midt i matlaginga, eller dersom eg er lengre vekke, eller kva om det ikkje gir seg etter tre kvarter?

Eg er redd...

mandag 24. august 2009

Ein stille bønn

Kjære Gud,

Hjelp alle fattige i verda.
Hjelp alle land til å bli fredelege overfor kvarandre.
Hjelp meg til å føle meg elska og lukkeleg.
Hjelp alle personar i omsorgsstillingar til å gjera jobben sin på ein etisk måte som er til glede for dei dei jobber med.
Hjelp Kristian til å sjå kva eg trenger, og sjå at berre han kan gje meg det.
Hjelp mamma til å finne deg
Hjelp alle verdas presidenter og inflytelsesrike personer i avgjerslane sine.
Hjelp alle som er ramma av naturkatastrofer, pandemiar, menneskeskapte ulukker, krig og terror.
Hjelp meg til å overvinne frykta for å underkaste meg deg.
Hjelp alle uskuldige fangar.
Hjelp alle dommere å døma rettferdig.
Hjelp alle studenter i læringa si.
Hjelp alle vanskelegstilte born til å nå sitt beste.
Hjelp meg å respektera og stola på Kristian sine avgjerdar.
Hjelp verda og redd oss frå djevelen.
Hjelp meg å ta avgjerder som leier meg i den retninga du vil at eg skal gå.
Hjelp lærarar til å inspirere.
Hjelp skuleverket til å bli betre.
Hjelp våpenprodusentar til å skjønna at skulegang for alle verdens born ikkje er meir verdt enn 1% av våpenpruduksjonen, og at dette kan avsjåast.
Hjelp meg til å vera til støtte for andre,
hjelp meg til teneste for deg,
hjelp meg i tenesta.

Hjelp meg å leva med deg ved mi side.

Amen

søndag 23. august 2009

Sims-tid vs vanleg tid...

Nett i stad satt eg inne på face, twitter, og myspace samstundes, og følte at INGENTING skjedde.... Tiden gjekk utruleg treigt, og eg kjeda meg, noko som ikkje er meininga med nokon av dei sidene... dermed var da Sims neste! Og der gjekk iden plutseleg så utruleg kjapt!!! Ikkje nok med at eitt minutt eigentleg er eitt sekund, men tiden flyr jo!!! eg såg opp frå skjermen igjen nokre timar etter at eg begynnte, og fann da overraskande at eg var svolten, måtte på do, OG klokka hadde blitt ni siden sist eg var bevisst mine gjeremål utanfor sims-verdenen... Jaja, så tok eg meg no av overforståande problem, (med unnatak av klokka, den kan uheldigvis ikkje skrus tilbake på verdensbasis...=/) for så å sjekka mine faste stamsider ein gong til... Og DER hadde da vore liv i mellomtida, gitt!!! det er heilt utruleg at alle twittere og facere og myspacere klarer å logge på akkurat når eg ikkje er det.... det skjer ALLTID!


Irriterande...



<3

Tilbake frå planleggjing...

Jaja, så var TenSingåret ferdig planlagt. No er helga ferdig, og leiarane i RTS har vore flittige planleggere, og stått på i ein HEIL dag!!! =O Eigentleg heilt greit, men eg merker meir og meir at eg ikje høyrer hundre pro heime i den gjengen der... Men, men...
Eg og min bedre halvdel driver og krangler for tida... om smått og stort... men mest om smått fordi me prøver å unngå dei store temaene... Me blir nemleg så utruleg ueinige, og så vert me sure på kvarandre, eller oppgitte, og så ender det med at begge er utruleg leie av kvarandre, og ikkje ser nokon utveg... Kjipt, men sant... me er einige om ein tong då: me er ueininge! Sånn er og blir det med den saken...

Eg kjenner meir og meir at eg ikkje bør bu heime... eg treng avstand. ofte. og lang avstand, ikkje minst. Eg får ein lei følelse av å vera klaustrofobisk i ein bitteliten heis når eg er heime, og foreldra mine er der samstundes... Det er rett og slett ikkje bra for meg å omgås familie, og då spesiellt mor mi. Så det ideelle for meg hadde vore å komma meg så langt unna som overhode mogeleg... Problemet med det er at eg har tre yngre søsken som no står overfor samme skjebne som det eg har. Og dei er eg nemleg glad i, så eg vil nødig forlate dei... I hvert fall ikkje heilt... Så, eg får finna på eit kompromiss... Dersom nokon snart lyser ut ein ledig hybel på Voss, vel å merke...


Jaja, no skal det lagast vafler...

<3 Verdensborgaren...

fredag 21. august 2009

Ut på tur, aldri sur...

Ja, no skal altså Refleks TenSing på lederhelg igjen... og eg er med.. igjen...

ønsk meg lukke til, for der me skal er det ikkje internett... =/
jaja, dei overlevde i "gamle dager" og... (dersom ein ser vekk ifrå at dei fleste av dei som har måttet leve utan internett no er døde...) Så: ønsk meg lukke til... =P

GOD HELG!!! <3

På 'an igjen...

Jaja, så sit eg no her i Raundalen, då... Tren til Kenya er avlyst, Refleks TenSing har begynnt å misbruke meg igjen, eg er igang med å starte tweensing (dersom VossKM lar meg gjera det..), og eg skal studere diakoni deltid i Oslo. Så. Det var dei faktiske opplysningane som ikkje er mykje meir å skrive om...
Her kjem grubleriene:
For det første: EG ER SJUK!!! Eg har forklart det i reisebloggen min, men eg er altså sjuk, og haukeland sjukehus meiner at det ikkje er alvorleg nok til å ta meg inn til undersøkjingar. Forbanna vere den norske helsesektoren... Inkompetente folk (nesten) heile gjengen! Jaja, så no går eg no heime og venter på eit brev om at eg har fått MR-time... i mellomtiden kan eg ikkje begynne å studere fordi eg ikkje kan reise langt aleine, og helst ikkje skal stresse (og dermed ikkje forflytte meg til eit nytt miljø med nye mennesker etc.) ikkje kan eg ta meg fast jobb heller, for eg veit ikkje når eg vert innlagt, og ikkje kan eg flytte ut, for eg har for det første ingen peng, for det andre er det ikkje ein einaste hybel på heile voss som er ledig (og ja, eg akter å bli verande på voss...), og for det tredje så bør eg ikkje bu åleine så lenge eg kan dette saman når som helst... Livet er kort fortald vanskeleg for tida... dessutan har eg ein heil haug med andre tankar i hovudet samstundes... og gjett kven som ikkje har peng til psykolog etc!? Dessutan er det begrensa kven eg ønsker å dele mine innerste tankar med... Litt ironisk kanskje, siden eg tross alt meir eller mindre tømmer meg på nett... men her er det annerledes... det blir litt mindre personleg til tross for at eg faktisk står med fullt namn... (noko eg forresten vurderer sterkt å forandre på...) og DESSUTAN: eg deler ikkje ALT på nett... =P

Men berre for å forklara litt: denne nettstaden er psykologen min. Kommentarer eg evt. får er hjarteleg velkomne, men hold det relevant... =P