Hei igjen, og god jul dersom eg ikkje blogger før den tid!
Eg las nettopp gjennom det siste blogginnlegget mitt på første gong siden ca den gongen eg publiserte da... Og det måtte jo berre gå slik at det var foreløpig det siste innlegget... Det er sånn eg er. Eg lyg utan å meine det. Og utan å veta om det. Eg lover ting eg ikkje kan halda. Men da må eg sei: som regel så held eg det eg lover. Jaja, eg snubla i hvert fall over bloggen min igjen... Så no veit eg på nytt at den eksisterer... Stay tuned for meir mangel på blogging... =P
xxx Constanze
mandag 14. desember 2009
tirsdag 29. september 2009
Songverkstad...
Eg må nesten meddela at eg hermed har begynnt på eit nytt prosjekt... (Men slapp av, bloggingen slutter ikkje her... =P) Eg har nemleg begynnt å ha faste timer med songverkstad kvar dag. Med andre ord: eg skriver låter igjen... =D Eg har funne ut at å lage songer basert på fri fantasi ikkje fungerer like bra som å basera dei på eigne erfaringar, så dersom desse songane nokon gong blir spelt inn, så blir dei nok heitande "Psykologtime #1" #2 osb... Eg tar nemleg for meg eit og eit emne som irriterer meg, tynger, meg, eller av og til til og mekd gleder meg (ja eg har positive dagar...) Så, dette vert spennande... Trur da kan vera praktisk, om enn ein liten klype patetisk.. Men hey, eg trur eg har kryssa den grensa for lenge siden...
torsdag 24. september 2009
PS:
Hjernen min er forresten normal... Dei som undersøkte bildene etter MRen slo fast at eg ikkje har kreft, eller andre greier som kan gjera seg synnleg på hjernen... Eg e altså frisk i hovudet... om de skjønner...
Heldige meg, gitt...
Heldige meg, gitt...
Viktigheten av Varm Sjokolade...
Så var bursdagen min over. Den nittende... Stoooore saker, gitt... Eg hadde bursdagsfeiringa forrige lørdag... altså nokre dagar siden... Kjekt, det, men på ein eller annan måte vart det liksom litt bryllup/vennekveld/sexpratkveld... Like greitt eigentleg... Det var kjekt. Eg koste meg... Eg skulle berre ønske at eg koste meg like mykje i dag. På min eigentlege bursdag. Med familien min. Eller i hvert fall dei som seier at dei er familie kvar gong dei treng noko.
Eg har ei venninne som blir vekka kvar bursdag av foreldra som syng bursdagssongen for ho om morgonen. Dei kjem inn med kake med levande lys på, og ho får ønska seg noko før ho bles ut lysa... Etterpå får ho ein stor kopp varm sjokolade trykt i hendene... Du veit, ein sånn som Mr Flanders gir til Bart i filmen? Med krem og marshmallows?
I min familie har me pleid å ha ein annan tradisjon... Den dagen me har bursdag, blir me pent og pynteleg liggande i senga til me høyre ein grusom innspeling av "Happy birthday to you" ljoma ut av mono-høgtalarane i stova. Då tusler me lettere "overraska" ned i stovo, blir møtt av trøtte ansikter som mumler "gratulerer med dagen" og ved viktige bursdager (som ti-, atten-, tretti-, og førtiårsdagen) får me kanskje til og med ein klem. Så ser ein bursdagsbordet som står i stova. Dekka med duk, blomster, lys, ei kake med lys på, og ørten pressanger. Ikkje perfekt, men likevel koseleg... På sin eigne sære måte...
I dag (eller no i går) vakna eg halv åtte av at eldstesøsteren min (misforstå meg rett - ho er sju...) banka på døra mi og sa at no måtte eg nok snart stå opp og ta på meg kle, for no skulle eg snart ned. I løpet av det neste kvarteret hørte eg familien sette seg til bords nede, mamma stresse og sei at "et fortare, så de rekk bussen" og panisk dekking av bursdagsbord. Duk var visst ikkje så viktig, sa mamma. Dei hadde jo tross alt dårleg tid. Og så kom lyden... Den skjærande stemma til tyskarar som syng på engelsk nådde til slutt mine fintfølande ører, og eg tusla ned... Synet som møtte meg var mildt sagt skuffande: Eit lite bord, ein solsikke i ei vase (solsikker er bursdagsblomstane mine...) eit enkelt lys i ei enkel lysestake, ingen dekorasjonar, to små pakker, store nok til å romme dverghamstre som krøller seg sammen, eit liggeunderlag med plast rundt og med eit postkort frå Berlin klemt innunder, ein lang flat pakke som ikkje akkurat skjulte identiteten til sjokoladen som låg på kjøkkenbenken kvelden i forvegen. Og ikkje minst ein sukkerbunn i originalforpakning og to pakker kremost naturell. Familien som står halvstressa litt rundt om på kjøkkenet... Eldstesøster som rekker meg eine pressangen etter den andre for å sjå om det er noko eg ikkje liker, og som ho kan få... Mamma som ber meg om ikkje å vera forsiktig med gavepapiret; ungane hadde jo tross alt ein buss å rekke... På veg ut døra spør mamma om eg helst vil ha kylling eller spinat til middag i dag? Og hugs å lage kaken før dei kjem igjen! Og når så alle er ute av huset, sit eg igjen med ein haug med opprevet gavepapir, to duftolje-flasker, ein sjokolade, eit armband og eit smykke... Og ein følelse av at dersom dei berre hadde gitt meg ein kopp Varm Sjokolade og sunget bursdagssangen for meg ved senga, så hadde dei ikkje stressa like mykje, og eg hadde ikkje vore skuffa i det heile...
Eg ville jo berre ha ein kopp Varm Sjokolade...

lørdag 12. september 2009
Ein kjapp ein...
Klokko e berre 21 51, men NO kjenner eg at eg må få lagt meg... Eg har no vore meir eller mindre på beina (i hvert fall vaken) siden klokko var ti i går tidleg... Altså snart 36 timer.
Gud, eg ber om at dei karane som har jobba med jernbanen utanfor vindauget mitt, no er ferdige, og at eg dermed kan få sove i natt. Amen
God natt... <3

onsdag 9. september 2009
JIPPI!!!!!!!!!!!!! =D
Eg har endeleg fått ein MR-time!!!!!!! No har eg gått og venta i sju lange og sju breie (også kalla tre veker), og no i går kom altså endeleg brevet i posten!!
Jippi! no får eg svar på ka som eigentleg feiler meg.. kanskje.. hjelp...
No har eg som sagt venta på den timen i tre veker og no er den straks rundt hjørnet (måndag klokko 13... =P), og aller helst føler eg for å grava meg ned i bakken, for kven veit kva som kjem ut av den MR-tingen? Grunnen til at da ska bli tatt ein MR av hovudet mitt er nemleg å sjekke om det er noko som hindrer blodtilførsel, eller klemmer på nerver etc. På norsk: dei skal sjå om eg har ein svulst i hovudet. Dersom det viser seg at det er det eg har, blir det heile plutseleg ganske så mykje værre enn det har vore. For meg meiner eg . Psykisk eller mentalt (eg har framleis ikkje heilt skjønnt forskjellen). Eg meiner, symptomene vil vera dei samme, men dersom eg HAR ein svulst på hjernen så er jo det mykje vanskelegare og ikkje minst risikofylt å behandle enn til dømes om eg berre har eit uregelmessig blodtrykk. Nei, eg veit ikkje. På ein måte føler eg berre for å gøyme meg under dyno og glømma alt. Våkna opp igjen for ein og ein halv månad siden og finne ut at eg er akkurat som vanleg. Frisk.

fredag 4. september 2009
Problemet med å bli ringt opp av kjæresten midt i ein romantisk komedie...
Eg såg nettopp "Definitely, Maybe" for andre gong... Ein film som er verdt å sjå for alle som set pris på eit godt kjærleiksmysterium med ein nokså glad slutt. Eg er glad i film. Veldig glad i film. Og eg liker det meste, unntatt grøssere, og ting med alt for mykje blod og gørr (med mindre det er ein parodi eller noko sånt). I og med at eg liker film, så ser eg ofte film. Det som er litt synd, er at eg ikkje har penger til å kjøpe filmer like fort som eg ser dei, og eg laster ikkje ned filmer raskt nok til at eg kan fortsette med neste filmen når eg er ferdig med den fyrste. Dermed kjem det til at eg ser fleire filmer om att. Litt kjedeleg, skulle ein kanskje trudd, men til tross for at eg har sett ein film før, og veit kven som er "the bad guy" eller kven helten til slutt ender opp med, så liker eg å sjå gode filmer om igjen. Ikkje for historien sin del, men for følelsen eg får ved å sjå filmen. "Definitely, Maybe" til dømes får meg til å føle meg rolig, glad, positivt innstilt til kjærleiken, og glad for å elske nokon som elsker meg tilbake. Og akkurat når eg er komen inn i dette herlige humøret ringer min kjære til meg. Praten går om korleis han har det, om mine støle muskler etter X antall timer med danse- og Yogatrening, Nils sin bursdag i morgon, om konfektesken han skal få og som ikkje er kjøpt inn endå, og vidare til dataen min som eg har klart å søle juice på, og som no er eit stykke søppel. I hvert fall foreløpig. Derifrå mørkner ting. Emnet vert meir seriøst, og for min del dyster. Eg får lyst til å hive meg inn i ein heftig diskusjon som eg VIL skal ende med at han innrømmer at han ikkje stoler på mine datakunnskaper, for ikkje å nevne som person. Eg vil det kun fordi eg føler for å kunne sette fingeren på kva det var som fekk meg i dyster stemning til tross for at "Definitely, Maybe" allereide har gått i ein time og tjue minutt. Eg vil eigentleg ikkje krangle, eg er for sliten til det. Det er for seint. Eg vil sove i natt. Det ender med at han tar tak og seier hadet. Eg slenger mobilen frå meg og sit litt tafatt på den digre senga mi. Det går opp for meg at han ikkje spurte korleis eg har det. Dei resterande 27 minuttene av filmen er ikkje like gode som det før. Eg ønsker å identifisere meg med jento som til slutt får helten sin. Helten har innsett at han er ein idiot, og legger seg paddeflat. Det er det eg vil ha. Etter ørten romantiske komedier er eg blitt opplært til at når guten legger seg flat og frå då av lever kun for jenta, det er DÅ ein kan snakka om ekte kjærleik.
Det ingen har fortald meg er at det er berre film. At det er ikkje verkeleg. Det verkelege har eg måttet kome fram til sjølv. Og det som er faktum er at kjærleiken handlar om å gje og å ta. I dag gav eg.

mandag 31. august 2009
Nemmen... lesere!?
Eg fann uta for nokre dager siden at eg faktisk har nokre lesere. Minst ein friviljug (legg btw merke til min fantastiske nynorsk), og ein som leser under tvang... Korriger meg dersom det er fleire, btw...
Jaja, hei til deko to, i hvert fall... =D
Jaja, no til saken... Eg har to ting på hjartet i ettermiddag... Det fyrste skjedde i går, sundag, då eg og Kristian song/spelte under to gudstenester på Voss. Fyrste gongen gjekk det tåleleg greitt, men andre gongen fekk eg eit anfall midt i første verset, såg ikkje ein døyt, og glømte attpåtil teksten... Eg må ha sett ut som om eg var drita full og, for eg var svimmel til tusen, og det FØLTES i hvert fall som om eg sjangla litt... Utruleg kjipt... Eg føler meg så utruleg ubrukeleg og hjelpeslaus når sånt skjer. Eg VIL jo gjere det bra, prestere, og gje ei fin oppleving til dei som høyrer på, men eg makter det rett og slett ikkje. Eg er ikkje vant til ikkje å få til ting. Eg er ikkje vant med å vera avhengig av at folk kan ekskortere meg ut av ei kyrkje for ikkje å besvime midt under preika... Det er ikkje kjekt å vera avhegig av folk på den måten. Og i hvert fall når ein ser at ein er ein belastning. Det er ikkje kjekt å sjå at andre lider fordi eg lider. Ikkje kjekt...
Men ok, over til neste punkt... BESTEFAR! (Eller som Johanna så fint korrigerte meg i stad: "Han heite Opa!")Bestefar kjem altså i dag... Akkurat no er Nils, Margrethe og Daniel på Vangen for å hente han (og fordi Daniel skal spela kamp mot Voss Kvit... elns..), medan eg og Johanna er heime og rydder. Teoretisk sett... Eg kan ikkje seie at eg gleder meg utruleg mykje til han kjem, for han kan vera både grinebiter og mannsjåvnist... Til tusen. Han har ein lei tendens ti å beordr emeg inn på kjøkkenet der "kvinnen sin plass" er. Eg føler ofte for å motseie han, og krangle så busta fyker, problemet er berre at eg er ikkje habil nok i språket hans til at eg klarer å utrrykke meg på ein vaksen måte. Nei, eg liker ikkje fyren... Han har ein tendens til å få meg til å føle meg liten og ubetydeleg, og dessuten har han ein tendens ti å få alt eg gjer til å verke lite verdifullt og nyttesløst. Og akkurat no treng eg ikkje noko sånt. Eg blir brutt meir enn nok ned av mamma i kombinasjon med min eigen psyke...
Men ok, no må eg gjera teori om til praksis, og begynne å rydda... Evt som storesøstre gjer: Få Johanna til å rydde for meg... =D
Ønsk meg lukke til. Både med ryddingen og å overleva bestefarbesøket... =P

fredag 28. august 2009
Eg e redd...
I dag skjedde det noko skummelt som fekk meg til å tenkja litt...Eg sku ned og henta posten, og på veg opp igjen blei ting plutseleg svart, beina svikta, og eg låg på baken og kunne ikkje sjå noko, ikkje røre beina, og dermed ikkje komma meg av flekken. Og sånn låg eg i regnet i tre kvarter... Eg var heilt åleina og hadde ikkje ein sjanse til å gjera noko anna enn å ligga og grina for meg sjølv og håpa på at det gjekk over. Dumme meg hadde sjølvsagt ikkje mobilen med. Etter ca ein halvtime kunne eg sjå igjen, så då fekk eg sett på klokko i da minste... Etter at eit kvarter var gått kunne eg igjen stå på beina mine, så då gjekk eg like godt vidare. Eg var omtrent som i transe, berre at eg ikkje klarte å slutte å grine, ganske enkelt fordi eg var livredd. Å føle seg SÅ hjelpaslaus, og utruleg åleine i verda, det er ikkje noko kjekt. Eg kom opp til slutt, la frå meg posten inne, og gjekk ut igjen og berre grein... eg sat ute i kanskje ein og ein halv time til saman før eg dryppande våt gjekk inn igjen... Eg tok riktignok ein varm dusj, men eg har framleis ikkje fått varmen i kroppen igjen, til tross for at dette er snart fire timer siden...
Eg er redd...
Redd for at noko slikt skal skje igjen medan eg gjer noko som er meir farleg... Til dømes midt i matlaginga, eller dersom eg er lengre vekke, eller kva om det ikkje gir seg etter tre kvarter?

tirsdag 25. august 2009
Ein stille etterbønn
Kjære Gud,
eg ber deg. HJELP OSS!
eg ber deg. HJELP OSS!
mandag 24. august 2009
Ein stille bønn
Kjære Gud,
Hjelp alle fattige i verda.
Hjelp alle land til å bli fredelege overfor kvarandre.
Hjelp meg til å føle meg elska og lukkeleg.
Hjelp alle personar i omsorgsstillingar til å gjera jobben sin på ein etisk måte som er til glede for dei dei jobber med.
Hjelp Kristian til å sjå kva eg trenger, og sjå at berre han kan gje meg det.
Hjelp mamma til å finne deg
Hjelp alle verdas presidenter og inflytelsesrike personer i avgjerslane sine.
Hjelp alle som er ramma av naturkatastrofer, pandemiar, menneskeskapte ulukker, krig og terror.
Hjelp meg til å overvinne frykta for å underkaste meg deg.
Hjelp alle uskuldige fangar.
Hjelp alle dommere å døma rettferdig.
Hjelp alle studenter i læringa si.
Hjelp alle vanskelegstilte born til å nå sitt beste.
Hjelp meg å respektera og stola på Kristian sine avgjerdar.
Hjelp verda og redd oss frå djevelen.
Hjelp meg å ta avgjerder som leier meg i den retninga du vil at eg skal gå.
Hjelp lærarar til å inspirere.
Hjelp skuleverket til å bli betre.
Hjelp våpenprodusentar til å skjønna at skulegang for alle verdens born ikkje er meir verdt enn 1% av våpenpruduksjonen, og at dette kan avsjåast.
Hjelp meg til å vera til støtte for andre,
hjelp meg til teneste for deg,
hjelp meg i tenesta.
Hjelp meg å leva med deg ved mi side.
Amen

søndag 23. august 2009
Sims-tid vs vanleg tid...
Nett i stad satt eg inne på face, twitter, og myspace samstundes, og følte at INGENTING skjedde.... Tiden gjekk utruleg treigt, og eg kjeda meg, noko som ikkje er meininga med nokon av dei sidene... dermed var da Sims neste! Og der gjekk iden plutseleg så utruleg kjapt!!! Ikkje nok med at eitt minutt eigentleg er eitt sekund, men tiden flyr jo!!! eg såg opp frå skjermen igjen nokre timar etter at eg begynnte, og fann da overraskande at eg var svolten, måtte på do, OG klokka hadde blitt ni siden sist eg var bevisst mine gjeremål utanfor sims-verdenen... Jaja, så tok eg meg no av overforståande problem, (med unnatak av klokka, den kan uheldigvis ikkje skrus tilbake på verdensbasis...=/) for så å sjekka mine faste stamsider ein gong til... Og DER hadde da vore liv i mellomtida, gitt!!! det er heilt utruleg at alle twittere og facere og myspacere klarer å logge på akkurat når eg ikkje er det.... det skjer ALLTID!
Irriterande...
<3
Irriterande...
<3
Tilbake frå planleggjing...
Jaja, så var TenSingåret ferdig planlagt. No er helga ferdig, og leiarane i RTS har vore flittige planleggere, og stått på i ein HEIL dag!!! =O Eigentleg heilt greit, men eg merker meir og meir at eg ikje høyrer hundre pro heime i den gjengen der... Men, men...
Eg og min bedre halvdel driver og krangler for tida... om smått og stort... men mest om smått fordi me prøver å unngå dei store temaene... Me blir nemleg så utruleg ueinige, og så vert me sure på kvarandre, eller oppgitte, og så ender det med at begge er utruleg leie av kvarandre, og ikkje ser nokon utveg... Kjipt, men sant... me er einige om ein tong då: me er ueininge! Sånn er og blir det med den saken...
Eg kjenner meir og meir at eg ikkje bør bu heime... eg treng avstand. ofte. og lang avstand, ikkje minst. Eg får ein lei følelse av å vera klaustrofobisk i ein bitteliten heis når eg er heime, og foreldra mine er der samstundes... Det er rett og slett ikkje bra for meg å omgås familie, og då spesiellt mor mi. Så det ideelle for meg hadde vore å komma meg så langt unna som overhode mogeleg... Problemet med det er at eg har tre yngre søsken som no står overfor samme skjebne som det eg har. Og dei er eg nemleg glad i, så eg vil nødig forlate dei... I hvert fall ikkje heilt... Så, eg får finna på eit kompromiss... Dersom nokon snart lyser ut ein ledig hybel på Voss, vel å merke...
Jaja, no skal det lagast vafler...
<3 Verdensborgaren...

fredag 21. august 2009
Ut på tur, aldri sur...
Ja, no skal altså Refleks TenSing på lederhelg igjen... og eg er med.. igjen...
ønsk meg lukke til, for der me skal er det ikkje internett... =/
jaja, dei overlevde i "gamle dager" og... (dersom ein ser vekk ifrå at dei fleste av dei som har måttet leve utan internett no er døde...) Så: ønsk meg lukke til... =P
GOD HELG!!! <3

På 'an igjen...
Jaja, så sit eg no her i Raundalen, då... Tren til Kenya er avlyst, Refleks TenSing har begynnt å misbruke meg igjen, eg er igang med å starte tweensing (dersom VossKM lar meg gjera det..), og eg skal studere diakoni deltid i Oslo. Så. Det var dei faktiske opplysningane som ikkje er mykje meir å skrive om...
Her kjem grubleriene:
For det første: EG ER SJUK!!! Eg har forklart det i reisebloggen min, men eg er altså sjuk, og haukeland sjukehus meiner at det ikkje er alvorleg nok til å ta meg inn til undersøkjingar. Forbanna vere den norske helsesektoren... Inkompetente folk (nesten) heile gjengen! Jaja, så no går eg no heime og venter på eit brev om at eg har fått MR-time... i mellomtiden kan eg ikkje begynne å studere fordi eg ikkje kan reise langt aleine, og helst ikkje skal stresse (og dermed ikkje forflytte meg til eit nytt miljø med nye mennesker etc.) ikkje kan eg ta meg fast jobb heller, for eg veit ikkje når eg vert innlagt, og ikkje kan eg flytte ut, for eg har for det første ingen peng, for det andre er det ikkje ein einaste hybel på heile voss som er ledig (og ja, eg akter å bli verande på voss...), og for det tredje så bør eg ikkje bu åleine så lenge eg kan dette saman når som helst... Livet er kort fortald vanskeleg for tida... dessutan har eg ein heil haug med andre tankar i hovudet samstundes... og gjett kven som ikkje har peng til psykolog etc!? Dessutan er det begrensa kven eg ønsker å dele mine innerste tankar med... Litt ironisk kanskje, siden eg tross alt meir eller mindre tømmer meg på nett... men her er det annerledes... det blir litt mindre personleg til tross for at eg faktisk står med fullt namn... (noko eg forresten vurderer sterkt å forandre på...) og DESSUTAN: eg deler ikkje ALT på nett... =P
Men berre for å forklara litt: denne nettstaden er psykologen min. Kommentarer eg evt. får er hjarteleg velkomne, men hold det relevant... =P

Abonner på:
Innlegg (Atom)