søndag 19. september 2010

Livet.

Det er merkeleg i grunn... Korleis eit år kan fyke forbi uten at ein merker at det skjer noko form for positiv forandring, fordi ein er så opptatt av kor ille ting er her og no. Når eg ser tilbake på kva eg skreiv for eitt år sidan, ser eg at ting har skjedd. Nokre ting er forandra positivt, andre negativt.
Eg skriv fremdeles. Og som alle dei to følgarane mine kanskje kan ha tenkt seg, så er låtskrivingen verkeleg blitt til ein form for terapi. Eg TRENG ikkje blogge for å få ting ut. For å setta ord på følelser og dele opplevingar. Eg har musikken å klamre meg til.
Dei siste månadene har eg lært ein del om det å skrive sanger. Eg har tidlegare tendert til å skrive om negative ting med ein positiv (om enn ikkje fullt så ærleg) vri. Eg har latt fantasien min få lov til å begrave seg i ønsketenking om korleis ting skulle vore.
Men det har skjedd ein del ting det siste året som rett og slett er for ille til at nokon kan dra noko godt ut av det. Det einaste som hjelper då, er å vera dønn ærleg med seg sjølv. Og overraskande nok er det då dei gode sangane kjem. Dei sangane som får folk til å bryte saman i stova mi og fortelle sine innerste hemmeligheter som dei følte vart berørte av min smerte. Dei sangane som får folk til å ta kontakt med venner dei ikkje har snakka med på år fordi noko utilgiveleg skjedde den gong. Dei songane som får folk til å sette seg ned og skrive sanger sjølv. Dei sangane som får meg til å reagere så sterkt første gong eg høyrer den ferdige innspelinga, at eg bryt ut i gråt, og ligg hulkande på baderomsgulvet i fleire timer. Det er ærlegheit. Det svir, det gjer vondt, det er ubehageleg til tusen, det er stygt og ekkelt og sårer dei som lar seg berøre. Det er livet.
Det siste året har vore prega av nedtur etter nedtur og konflikt etter konflikt. Men eg har alltid hatt støtte. Både i Kristian, i Gud, og i eit par-tre gode venner eg har rundt om. Uten den gjengen hadde eg ikkje klart meg. Eg trur eg blir nødt til å skrive ein låt om dei. For dei har påverka meg i så stor grad at dei BURDE veta om at dei har tatt del i å forme meg.
Ting har forandra seg. Til det bedre. Og til det værre. Ting er fremdeles ille. Eg slit mykje. Men samstundes er eg den heldigste jenta på planeten! Eg har hatt utruleg flaks i livet! Og har absolutt ikkje fortent det livet eg har i dag. Men eg har det. Det er merkeleg i grunn...

2 kommentarer: