Jaja, så sit eg no her i Raundalen, då... Tren til Kenya er avlyst, Refleks TenSing har begynnt å misbruke meg igjen, eg er igang med å starte tweensing (dersom VossKM lar meg gjera det..), og eg skal studere diakoni deltid i Oslo. Så. Det var dei faktiske opplysningane som ikkje er mykje meir å skrive om...
Her kjem grubleriene:
For det første: EG ER SJUK!!! Eg har forklart det i reisebloggen min, men eg er altså sjuk, og haukeland sjukehus meiner at det ikkje er alvorleg nok til å ta meg inn til undersøkjingar. Forbanna vere den norske helsesektoren... Inkompetente folk (nesten) heile gjengen! Jaja, så no går eg no heime og venter på eit brev om at eg har fått MR-time... i mellomtiden kan eg ikkje begynne å studere fordi eg ikkje kan reise langt aleine, og helst ikkje skal stresse (og dermed ikkje forflytte meg til eit nytt miljø med nye mennesker etc.) ikkje kan eg ta meg fast jobb heller, for eg veit ikkje når eg vert innlagt, og ikkje kan eg flytte ut, for eg har for det første ingen peng, for det andre er det ikkje ein einaste hybel på heile voss som er ledig (og ja, eg akter å bli verande på voss...), og for det tredje så bør eg ikkje bu åleine så lenge eg kan dette saman når som helst... Livet er kort fortald vanskeleg for tida... dessutan har eg ein heil haug med andre tankar i hovudet samstundes... og gjett kven som ikkje har peng til psykolog etc!? Dessutan er det begrensa kven eg ønsker å dele mine innerste tankar med... Litt ironisk kanskje, siden eg tross alt meir eller mindre tømmer meg på nett... men her er det annerledes... det blir litt mindre personleg til tross for at eg faktisk står med fullt namn... (noko eg forresten vurderer sterkt å forandre på...) og DESSUTAN: eg deler ikkje ALT på nett... =P
Men berre for å forklara litt: denne nettstaden er psykologen min. Kommentarer eg evt. får er hjarteleg velkomne, men hold det relevant... =P
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar