mandag 24. august 2009

Ein stille bønn

Kjære Gud,

Hjelp alle fattige i verda.
Hjelp alle land til å bli fredelege overfor kvarandre.
Hjelp meg til å føle meg elska og lukkeleg.
Hjelp alle personar i omsorgsstillingar til å gjera jobben sin på ein etisk måte som er til glede for dei dei jobber med.
Hjelp Kristian til å sjå kva eg trenger, og sjå at berre han kan gje meg det.
Hjelp mamma til å finne deg
Hjelp alle verdas presidenter og inflytelsesrike personer i avgjerslane sine.
Hjelp alle som er ramma av naturkatastrofer, pandemiar, menneskeskapte ulukker, krig og terror.
Hjelp meg til å overvinne frykta for å underkaste meg deg.
Hjelp alle uskuldige fangar.
Hjelp alle dommere å døma rettferdig.
Hjelp alle studenter i læringa si.
Hjelp alle vanskelegstilte born til å nå sitt beste.
Hjelp meg å respektera og stola på Kristian sine avgjerdar.
Hjelp verda og redd oss frå djevelen.
Hjelp meg å ta avgjerder som leier meg i den retninga du vil at eg skal gå.
Hjelp lærarar til å inspirere.
Hjelp skuleverket til å bli betre.
Hjelp våpenprodusentar til å skjønna at skulegang for alle verdens born ikkje er meir verdt enn 1% av våpenpruduksjonen, og at dette kan avsjåast.
Hjelp meg til å vera til støtte for andre,
hjelp meg til teneste for deg,
hjelp meg i tenesta.

Hjelp meg å leva med deg ved mi side.

Amen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar