søndag 23. august 2009

Tilbake frå planleggjing...

Jaja, så var TenSingåret ferdig planlagt. No er helga ferdig, og leiarane i RTS har vore flittige planleggere, og stått på i ein HEIL dag!!! =O Eigentleg heilt greit, men eg merker meir og meir at eg ikje høyrer hundre pro heime i den gjengen der... Men, men...
Eg og min bedre halvdel driver og krangler for tida... om smått og stort... men mest om smått fordi me prøver å unngå dei store temaene... Me blir nemleg så utruleg ueinige, og så vert me sure på kvarandre, eller oppgitte, og så ender det med at begge er utruleg leie av kvarandre, og ikkje ser nokon utveg... Kjipt, men sant... me er einige om ein tong då: me er ueininge! Sånn er og blir det med den saken...

Eg kjenner meir og meir at eg ikkje bør bu heime... eg treng avstand. ofte. og lang avstand, ikkje minst. Eg får ein lei følelse av å vera klaustrofobisk i ein bitteliten heis når eg er heime, og foreldra mine er der samstundes... Det er rett og slett ikkje bra for meg å omgås familie, og då spesiellt mor mi. Så det ideelle for meg hadde vore å komma meg så langt unna som overhode mogeleg... Problemet med det er at eg har tre yngre søsken som no står overfor samme skjebne som det eg har. Og dei er eg nemleg glad i, så eg vil nødig forlate dei... I hvert fall ikkje heilt... Så, eg får finna på eit kompromiss... Dersom nokon snart lyser ut ein ledig hybel på Voss, vel å merke...


Jaja, no skal det lagast vafler...

<3 Verdensborgaren...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar