fredag 28. august 2009

Eg e redd...

I dag skjedde det noko skummelt som fekk meg til å tenkja litt...Eg sku ned og henta posten, og på veg opp igjen blei ting plutseleg svart, beina svikta, og eg låg på baken og kunne ikkje sjå noko, ikkje røre beina, og dermed ikkje komma meg av flekken. Og sånn låg eg i regnet i tre kvarter... Eg var heilt åleina og hadde ikkje ein sjanse til å gjera noko anna enn å ligga og grina for meg sjølv og håpa på at det gjekk over. Dumme meg hadde sjølvsagt ikkje mobilen med. Etter ca ein halvtime kunne eg sjå igjen, så då fekk eg sett på klokko i da minste... Etter at eit kvarter var gått kunne eg igjen stå på beina mine, så då gjekk eg like godt vidare. Eg var omtrent som i transe, berre at eg ikkje klarte å slutte å grine, ganske enkelt fordi eg var livredd. Å føle seg SÅ hjelpaslaus, og utruleg åleine i verda, det er ikkje noko kjekt. Eg kom opp til slutt, la frå meg posten inne, og gjekk ut igjen og berre grein... eg sat ute i kanskje ein og ein halv time til saman før eg dryppande våt gjekk inn igjen... Eg tok riktignok ein varm dusj, men eg har framleis ikkje fått varmen i kroppen igjen, til tross for at dette er snart fire timer siden...

Eg er redd...

Redd for at noko slikt skal skje igjen medan eg gjer noko som er meir farleg... Til dømes midt i matlaginga, eller dersom eg er lengre vekke, eller kva om det ikkje gir seg etter tre kvarter?

Eg er redd...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar