mandag 31. august 2009

Nemmen... lesere!?

Eg fann uta for nokre dager siden at eg faktisk har nokre lesere. Minst ein friviljug (legg btw merke til min fantastiske nynorsk), og ein som leser under tvang... Korriger meg dersom det er fleire, btw...

Jaja, hei til deko to, i hvert fall... =D

Jaja, no til saken... Eg har to ting på hjartet i ettermiddag... Det fyrste skjedde i går, sundag, då eg og Kristian song/spelte under to gudstenester på Voss. Fyrste gongen gjekk det tåleleg greitt, men andre gongen fekk eg eit anfall midt i første verset, såg ikkje ein døyt, og glømte attpåtil teksten... Eg må ha sett ut som om eg var drita full og, for eg var svimmel til tusen, og det FØLTES i hvert fall som om eg sjangla litt... Utruleg kjipt... Eg føler meg så utruleg ubrukeleg og hjelpeslaus når sånt skjer. Eg VIL jo gjere det bra, prestere, og gje ei fin oppleving til dei som høyrer på, men eg makter det rett og slett ikkje. Eg er ikkje vant til ikkje å få til ting. Eg er ikkje vant med å vera avhengig av at folk kan ekskortere meg ut av ei kyrkje for ikkje å besvime midt under preika... Det er ikkje kjekt å vera avhegig av folk på den måten. Og i hvert fall når ein ser at ein er ein belastning. Det er ikkje kjekt å sjå at andre lider fordi eg lider. Ikkje kjekt...

Men ok, over til neste punkt... BESTEFAR! (Eller som Johanna så fint korrigerte meg i stad: "Han heite Opa!")Bestefar kjem altså i dag... Akkurat no er Nils, Margrethe og Daniel på Vangen for å hente han (og fordi Daniel skal spela kamp mot Voss Kvit... elns..), medan eg og Johanna er heime og rydder. Teoretisk sett... Eg kan ikkje seie at eg gleder meg utruleg mykje til han kjem, for han kan vera både grinebiter og mannsjåvnist... Til tusen. Han har ein lei tendens ti å beordr emeg inn på kjøkkenet der "kvinnen sin plass" er. Eg føler ofte for å motseie han, og krangle så busta fyker, problemet er berre at eg er ikkje habil nok i språket hans til at eg klarer å utrrykke meg på ein vaksen måte. Nei, eg liker ikkje fyren... Han har ein tendens til å få meg til å føle meg liten og ubetydeleg, og dessuten har han ein tendens ti å få alt eg gjer til å verke lite verdifullt og nyttesløst. Og akkurat no treng eg ikkje noko sånt. Eg blir brutt meir enn nok ned av mamma i kombinasjon med min eigen psyke...

Men ok, no må eg gjera teori om til praksis, og begynne å rydda... Evt som storesøstre gjer: Få Johanna til å rydde for meg... =D

Ønsk meg lukke til. Både med ryddingen og å overleva bestefarbesøket... =P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar